Natalia Antonia Golis

mai 5, 2017

Natalia Antonia Golis

Andrekandidat

Natalia Antonia Golis er nærings- og utviklingsansvarleg i Ulvik herad, og har budd i Kvam dei siste 10 åra. Ho har mastergrad i Arabisk språk og kultur frå Universitet i Bergen, med feltarbeid frå Libanon og Jemen. Golis har sidan overgangen frå Rødt i 2013, blitt attvald til fylkestinget, blitt landsstyremedlem og er i dag også fylkesleiar i Hordaland MDG.

Golis har særs god forståing for politiske prosessar og har mykje kunnskap om utfordringane i fylket vårt. Ho er særleg oppteken av næringsutvikling og kva livsgrunnlag me gir vidare til kommande generasjonar.

Kontakt:
Epost: ngolis@gmail.com
tlf: 40007133