– Vern lokalt næringsliv

Fotografert av fotoroto. Creative Commons-lisens. Navngivelse - Ikke-kommersiell - Del på samme vilkår, 2.0 Generisk

I notatet skriv Havforskingsinstituttet: «Havforskningsinstituttet mener at infeksjonspresset av lakselus på ville bestander på nasjonal basis er på grensen av bæreevnen og at en i enkelte regioner overskrider det som er bærekraftig. Dette er godt dokumentert over flere år. Havforskningsinstituttet ga for eksempel allerede i 2004 råd om at infeksjonspresset i Hardangerfjorden var for høyt og at tiltaksgrensen for eggbærende lakselus burde reduseres fra 0,5 til 0,1 lus per laksefisk i perioden vill laksesmolt utvandrer.»

– Råda vart ignorerte med svær auke i vertsfiskar slik at 2008 vart eit katastrofeår for villaks og sjøaure i fjorden, seier Strønen.

Dei siste åra har det òg dukka opp giftresistent lakselus, ifylgje Havforskingsinstituttet. «Dersom vi får spredning av multiresistent lakselus vil det være sannsynlig at lakselussituasjonen i Norge kan komme ut av kontroll.» Trass i alle problema køyrer den raud-grøne regjeringa på: «Fiskeridirektoratet har utlyst 65 nye konsesjoner for oppdrett av laksefisk. Disse kan komme i produksjon allerede i 2010 og føre til en ytterligere økning i infeksjonspresset.» Sjølv med raske tiltak vil det ta tid å få kontroll: «Likeså må vi regne med at infeksjonspresset mot utvandrende vill laksesmolt vil mangedobles våren 2010.» Havforskingsinstituttet ser det naudsynt med strenge tiltak frametter dersom ikkje heile oppdrettsnæringa skal kollapsa: «I regioner der det dokumenteres større luseinfeksjoner på utvandrende laksesmolt … skal det iverksettes tiltak som medfører en reduksjon. Dette kan for eksempel være storstilt relokalisering av oppdrettsanleggene, alternativt en nedslakting med tilsvarende virkning.»

Strønens dom over oppdrettspolitikken er klar, og bed kommunepolitikarane ta styring med utviklinga:
– Dette er miljøkriminalitet frå regjeringa. Hardangerfjorden er truleg det mest øydelagte fjordsystemet i landet. Notatet frå Havforskingsinstituttet er eit tydeleg varsel om at oppdrettsaktiviteten må reduserast. Å redusera oppdrettsvolum pr. konsesjon vil vera bedriftsøkonomisk ulønsamt. I staden må talet konsesjonar reduserast. Dei attverande konsesjonane må ha lokalt eigarskap. Multinasjonale selskap har berre interesse av å få ut mest mogeleg forteneste. Lokale eigarar tek ansvar for sitt eige lokalmiljø, og verdiskapninga vert verande der ho høyrer heime. Vern om lokalt næringsliv i nedbyggingsfasen som no byrjar, avsluttar Strønen.