– Beint fram utruleg å føreslå dette

– Det er beint fram utruleg at Voss kommune, Voss Energi og BKK vil ha utbygging i eit verna vassdrag, meiner Miljøpartiet Dei Grøne sin fylkesleiar i Hordaland, Øyvind Strømmen. – Ser dei ikkje verdien av elva og av turismen knytt til blant anna ekstremsport?

– Det er også påfallande at ein ikkje har kontakta nokon i padle- og raftingmiljøet på Voss for å få deira meining. Har dei vore redde for å få klar tale attende, spør Strømmen.

Miljøpartiet Dei Grøne stør fullt ut det felles utspelet frå Bergen Turlag, Noregs Jegar- og Fiskarforbund i Hordaland og Naturvernforbundet i Hordaland.

Strømproduksjon ved full utbygging tilsvarer 1,5 Alta-utbygging, og krevjer oppheving av vernevedtaket i Stortinget. Dei Grøne meiner det tydeleg viser at det ikkje er snakk om ei skånsam utbygging. – Voss kommune vil ha verdiskaping i Raundalen. Då bør dei sjå på dei moglegheitene som ligg i turisme, og ikkje på gigawattimar, meiner Strømmen. – I dag kjem det tilreisande frå verda rundt for å padla i elva. Kor interesserte vil dei vera i sightseeing på minstevassføring?