Dumping av fisk er tjuvfiske av ressursane til fellesskapet og direkte tjuveri av torsk frå fiskar-kollegaer

Dette innlegget har vårt medlem Frode Strønen tidligere hatt i Fiskeribladet. Denne artikkelen viser at det er helt nødvendig at visse krav må oppfylles for at det skal være lovlig å markedsføre en vare som bærekraftig.

 

DET VANSKELEGE MILJØMERKET.
Røkke-trålaren Hekktind er teken i å male opp og spyle over bord 100 tonn småtorsk. Straffa ser ut til å bli eit år i bøya. So langt er alt greit. Brotsverk og straff for det juridiske.

Men so kjem problema knytt til at fiskeriet er miljømerka av WWF-merket Marine Stewardship Counsil. Fisket etter nordaust-atlantisk torsk (skrei) utanfor 12 nm. og nord for 62. breiddegrad har vore miljømerkt og tungt marknadsført mot butikk-kjeder i Europa ei heil stund no. På nettsida til Hekktind-eigaren står det: ”Aker Seafoods mener at MSC er et godt verktøy for å opplyse kundene i Europa og verda for øvrig om at det finnes toppkvalitetsfisk på markedet, og at denne kommer fra bærekraftige fiskerier i Barentshavet.”

I debatten kjem det fram at dumping som frå Hekktind er standard på fartøy-typen og jamvel i snurrevad i noko mengd.

Det tyder at fisken som ikkje vert spylt over bord gjerne vert frosen om bord og send til Kina for filetering før han kjem att i fin forbrukarpakning med blått MSC-merke på. Nokre butikk-kjeder, som COOP-Europa, har vedteke at etter ein viss dato skal all sjømaten dei sel vere miljømerkt. Det tyder at fisk frå miljøkriminelle trålrederi vil få ligge i disken med miljømerke for god berekraft, medan til dømes lyr i aller beste bestandshelse frå Vestlandet fiska av sjarkar som om lag ikkje bruker drivstoff samanlikna med ”miljø”-trålaren er fy,fy og vert stengd ute.

Miljømerka vaks fram i landbruket av idealistiske bønder. Dei var jordbrukarar og etikarar. Med eit sterkt kontrollverk over skuldra. Ei DEBIO-godkjent gulrot kan du stole på. I landbruket er det gardsbruket som vert sertifisert og er ansvarleg for å halda på det. I fiskeri er det annleis. Der er det fiskeriet, ikkje fartøyet som er miljøgodkjent. Og der er miljømerket big business. For miljømerkeeigaren, sertifisering- og sporingsselskapa, havfiskeflåten og butikk-kjedene som må profilere seg. Dei slit med å få kundane til å bry seg. Kanskje like godt. For når etikken manglar skriv Aker Seafoods fine tekster på kontoret medan flåten dumpar fisk.
På eit WWF-seminar i 2006 meinte Aker Seafood i ein presentasjon dette:
”Allianser med NGO’s for å sørge for at fisk fra fartøy som opererer ulovlig blir effektivt holdt utenfor markedene i Europa..”

Det tyder at Aker Seafoods no må stengje seg sjølv ute om selskapet skal ha truverde.

Aker Seafood er vidare verksemd-samarbeidspartnar med WWF, som har denne teksten på nettsida:

”Aker Seafoods og WWF-Norge samarbeider om å sikre fremtidens fisk gjennom riktig forvaltning av fiskeriresurssene i havet. Aker Seafoods og WWF er også pådrivere for å øke oppmerksomhet om tjuvfiske i Barentshavet og betydningen av opprinnelsesmerking og sporbarhet av fiskeprodukter. Vi ser også at den faglige dialogen som bidrar til å styrke Akers kompetanse om miljø og bærekraft, gir WWF en samarbeidspartner som er en viktig næringsaktør innen fiskeri.”

Dumping er tjuvfiske av ressursane til fellesskapet og direkte tjuveri av torsk frå fiskar-kollegaer.

Kva gjer MSC og WWF no? Misser Hekktind løyvet til å selje MSC-merkt fisk når kailigge-året er ute? Heile Aker Seafood? Alla trålarar og fleire flåtegrupper med sidan praksis for mykje ikkje stemmer med teori og dermed diskrediterar heile MSC-merket? Er det slut på venskapen mellom WWF og Aker Seafood?

Eller skal MSC-stempelet no bli oppfatta som eit merke for miljøgodkjent miljøkriminalitet?

Frode Strønen

Miljøpartiet dei grøne