Fisk fra Fjorden med Miljøpartiets Frode Strønen fikk Hardangerfjordprisen

Hardangerfjordprisen 2012 vart på Hardangerfjordseminaret i Øystese sist 4. og 5. mai tildelt Samvirkelaget Fiskfråfjorden. Blant dei kring 140 seminardeltakarane var Fiskeri-og Kystminister Lisbeth Berg-Hansen og Fiskeridirektør Liv Holmefjord til stades under prisutdelinga.

grunngjevinga står det:
Hardangerfjordprisen vert delt ut for første gong under årets Hardangerfjordseminar.
Prisen vert delt ut til ein person, ein organisasjon eller eit lag som ved sitt virke bidreg til å nå målet om Levande fjord og Levande vassdrag.
Den første prismottakaren har ved nytenking og praktisk organisering bidratt til at:

• sjømaten i fjorden vert nytta og tradisjonen knytt til denne lokale ressursen vert teke vare på

• respekten og omsuten for fjorden som økosystem og matkjelde aukar • fjordfiskarane vert sikra ei trygg omsetting av fangsten sin

• det vert skapt lønsame, interessante og trygge arbeidsplassar på sjø og land • fastbuande og tilreisande får tilgong til sunn og kortreist kvalitetsmat

• det vert ei positiv oppmerksomheit kring Hardangerfjorden og situasjonen for vår felles almenning

Hardangerfjordprisen 2012 vert tildelt FISKFRÅFJORDEN ved dagleg leiar Frode Strønen, som og er 4. vara til Hordaland fylkesting for Miljøpartiet De Grønne.