Fotocredit:

Hermstad og Golis på topp hos Dei Grøne i Hordaland

Arild Hermstad (50) er vald til førsteplassen på stortingslista for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland. Sida 2001 har han leia Framtiden i våre hender, som i dag er den største miljøorganisasjonen i Noreg.
-Eg er glad for den tilliten eg har fått, og ser fram til å jobbe for at Dei Grøne i Hordaland for første gong i historia får inn ein representant på Stortinget, seier Hermstad.

november 28, 2016

På andreplassen er Natalia A.Golis (36). Ho er bygde- og næringsutviklar i Ulvik herad og jobbar med samferdsle på fylkestinget. Hermstad og Golis er begge opptekne av å vidareutvikle ein grøn politikk som femner heile samfunnet.

-Grunnmuren er sjølvsagt at vi sett miljøhensyn først, vi er nødt til å innsjå at vi ikkje kan fortsette som før. Det er eit godt utgangspunkt for å byggje eit samfunn som legg vekt på livskvalitet, nærleik og tryggleik framfor auka materielt forbruk og kommersielt press. Dei Grøne står for eit samfunn eg veit mange ønskjer seg. Og det er innan rekkevidde, seier Hermstad.

Golis er opptatt av å sikre eit næringsliv som kan bidra til at Noreg blir eit fornybarsamfunn.

-Vestlandet er rikt på naturressursar, og vi har eit næringsliv som har både potensialet og kompetansen til å drive ansvarleg og framtidsretta, seier Golis.

-“Det grøne skiftet” et blitt eit uttrykk som alle partiene smykker seg med, uten at dei har vilje til å prioritere hardt for å få det til. Dei Grøne er det einaste partiet som verkeleg vil stå fast på at det er nødvendig med ei markant grøn omstilling. Dette betyr til dels radikale, men heilt nødvendige endringar i den måten vi tenker og lever på. Men det å ta vare på naturen, sjølve livsgrunnlaget vårt, handlar om å skape eit betre samfunn, og sjå nye moglegheiter, seier Hermstad.

Målet for valkampen er å få inn eit direktemandat og bidra til at Dei Grøne kjem over sperregrensa nasjonalt.

– Dette trur vi er realistisk. Det er mange hordalendingar som har eit sterkt miljøengasjement og som vil stemme på Dei Grøne og det samheldet vi ønskjer å skape med auka livskvalitet og velferd, og samtidig ta vare på naturen, sjølve livsgrunnlaget vårt, seier Golis.

 

Her er heile stortingslista til Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland:
1. Arild Hermstad – 1966 – Oslo

2. Natalia Antonia Golis – 1980 – Kvam

3. Knut I. Børgesen – 1962 – Os

4. Øyunn Stokkeland Kåset – 1999 – Grøn Ungdom/Bergen

5. Øyvind Strømmen – 1980 – Samnanger

6. Marie Hauge – 1968 – Os

7. Håkon Nakkerud Opedal – 1992 – Grøn Ungdom/Bergen

8. Lillian Rogne – 1968 – Voss

9. Joakim Kyrre Myklebust – 1987 – Bergen

10. Janne Kjellevold Midtbø – 1972 – Askøy

11. Sondre Båtstrand – 1983 – Bergen

12. Eli Hårklau – 1979 – Kvinnherad

13. Nils-Anders Nøttseter – 1980 – Os

14. Karina Garnes Reigstad – 1987 – Meland

15. Per Hjalmar Svae –

16. Ingrid Fjellberg – 1988 – Bergen

17. Sebastian Teigen Nygård – 1997 – Grøn Ungdom/Meland

18. Malin Nøss Vangsnes – 1987 – Os

19. John Fredrik Tonnesen – 1982 – Stord

20. Hanne Enerstvedt Løvland – 1973 – Sveio

21. Anita Bakken – 1957 – Lindås

22. Tom Sverre Tomren – 1966 – Osterøy