Miljøpartiet Dei Grøne sin nye fylkesleiar takker Venstre og SV

hordalandPå fylkesårsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne laurdag 16. februar velde partiet Tom Sverre Tomren fra Osterøy til ny fylkesleiar og landsstyremedlem. Tomren vart einstemmig vald. Økonomen Per Hjalmar Svae vart vald som nytt medlem og kasserar, medan avtroppande fylkesleiar Øyvind Strømmen vart vald som 1. vara til styret.

Tomren takka årsmøtet for tilliten og kommenterte valet på følgjande måte:

          Her er jo ikkje nok stolar! Vi er langt fleire delegatar på fylkesårsmøtet i år enn vi har vore nokon gong før. Situasjonen her speglar veksten i partiet. Sidan vi var samla til årsmøte førre år har vi fått to nye lokallag i Hordaland og berre sidan nyttår har vi fått om lag 200 nye medlemmer på landsbasis. 

Den nye fylkesleiaren takka særleg Venstre og SV for godt skolerte medlemmer:

          Veksten vår er ikkje berre talmessig, men òg kvalitetsmessig. Vi har fått inn mange garva politikarar som ikkje har vore nøgd med dei etablerte partia si miljøsatsing. Særleg SV og Venstre har tilført oss mange medlemmar med politisk skolering, så eg får vel retta ein takk til skoleringsapparata deira! Eg trur òg vi må vera det partiet med det høgste talet på studiepoeng på stortingnslista.

          Vi er no klare til å innta Løvebakken og teikna ut ein ny og grøn akse i norsk politikk, avsluttaTomren.

 

Det nye fylkesstyret til MDG Hordaland ser no slik ut:
Leiar: Tom Sverre Tomren, Osterøy

Sekretær: Øystein Bønes, Bergen

Kasserar: Per H. Svae, Bergen

Styremedlem: Ellen Siren Bruarøy, Os

Styremedlem: Lisa Nøttseter, Os

Styremedlem: Petter L. Espeland, Bergen

Styremedlem: Arve Henningsen, Fjell

Første vara: Øyvind Strømmen, Samnanger

Andre vara: Linda Bukve, Voss

Tredje vara: Steinar Sneås Skauge, Lindås

Fjerde vara: Gerarda Maria Boekraad, Bergen

Femte vara: Tom Engelbrecht, Osterøy

 

For kommentarar og meir: Tom S. Tomren 90049696