Nei til å opne for oppdrettsfisk i Indre Hardanger!

Fotografert av Norsk Havbrukssenter. Creative Commons-lisens. Navngivelse - Ikke-kommersiell - Del på samme vilkår, 2.0 Generisk

Stortinget har etablert nasjonale laksevassdrag og –fjordar. Målet med opprettinga er å sikre dei viktigaste laksebestandane særskilt vern i vassdrag og fjordområde. Hardangerrådet slutta seg i uttale til framlegget frå Direktoratet for Naturforvalting om Eidfjordvassdraget som nasjonalt laksevassdrag og Eidfjorden/Hardangerfjorden innom Varaldsøy som nasjonal laksefjord.

Som ein er kjend med vedtok Stortinget ikkje å stø framlegget om Eidfjordvassdraget/ Hardangerfjorden som nasjonalt laksevassdrag og -fjord. Samstundes vart også dei midlertidige sikringssonane for oppdrett av laksefisk i Hardangerfjorden fjerna.

I etterkant av Stortinget si handsaming har presset på areal i Indre Hardanger auka sterkt.
Pr i dag ligg det 8 søknader om løyve til oppdrett av laksefisk til uttale i kommunane Eidfjord (1), Granvin (1) og Ullensvang (6). Produksjonen av laksefisk i Hardangerfjorden er dobla frå 2000 til 2007. Dette har i følgje Mattilsynet skjedd utan at konsekvensane for økosystemet eller fiskehelsa er grundig analysert. I eit brev til Fiskeridirektoratet region vest 04.07.2007 etterlyser Mattilsynet for Hardanger og Sunnhordland ei overordna vurdering i høve til bærekraft.

I brev til Fiskeri- og kystdepartementet 22.08.2006 ber fiskeridirektøren og fylkesmannen i Hordaland om at Hardangerfjorden vert gjort til «et spesielt forvaltningsområde regulert med egen forskrift i en tidsbegrenset periode (eksempelvis 10 år). Et slikt forvaltningsregime må etter fiskeridirektørens oppfatning ha bærekraftig næringsutvikling som mål, være basert på involvering av relevante interesser, være kunnskapsbasert og ha klare tålegrenser som ved overskridelse utløser forutsigbare forvaltingsgrep».

Nye konsesjonar for oppdrett av laksefisk innom den tidlegare sikringssona vil bety ein sterkt forverra situasjon for dei lokale fiskestammene. Hardangerfjorden skil seg allereie i dag dramatisk frå resten av landet, då samtlege lakse- og fleirtalet av sjøaurestammene har status
som truga.

Underteikna lag og organisasjonar stør inititativet til Hardangerfjord Villfisklag om å halde sjøareala innom den tidlegare sikringssona i indre Hardangerfjorden frie for oppdrett av laksefisk.

Hardanger, januar 2008

Hordaland Bondelag, Bergen Sportsfiskere, Fiskarlaget Vest, Dale Jegar- og fiskarlag, Fagrådet for Vossovassdraget, NJFF-Hordaland, Ullensvang SV, Naturvernforbundet Kvam, Miljøpartiet De Grønne Hordaland, OIKOS Hardanger, Sør-Norges Notfiskarlag, Hardangerfjord Villfisklag