Nominasjonsmøte til fylkestingsvalget i Hordaland

nomMoete

Hordaland MDG innkaller til nominasjonsmøte for fylkestingslista søndag 26.10 kl. 14.oo i Agnes Mowinckelsgate (vis s vis fylkesbygget i Bergen).  Etter vedtektene har alle som er busett i fylket og som har vore medlem sidan før 01.01.2014 stemmerett på nominasjonsmøtet.

 

 

 

 

 

Nominasjonskomiteen for Fylkestingsvalet 2015 har kunngjort de 10 fyrste kandidatane på nominasjonslista:

Plassering, namn,  kommune og alder på kandidatene:
1 Tom Sverre Tomren, Osterøy 48
2 Natalia Golis, Kvam 34
3 Øyvind Strømmen, Samnanger 34
4 Karina Reigstad, Meland 27
5 Nils-Anders Nøttseter, Os 34
6 Randi Amundsen, Bergen 49
7 Øystein Bønes, Bergen 36
8 Janet Wiberg, Bergen 64
9 Kyrre Sørensen, Bergen 34
10 Lillian Rogne, Voss

Komiteen forklarer i ei pressemelding vurderinga slik: «Komiteen har vore oppteken av å lage ei liste med personar som vil kunne bidra til viktige grøne satsingar i fylkespolitikken, særskild når det gjeld samferdsle, næringsutvikling, regional utvikling, fornybar energi og
kultur. Dei nominerte personane har brei kompetanse og arbeidsbakgrunn.»
Kort om dei fire toppkandidatane:

1. Tom Sverre Tomren
Tom Sverre Tomren (f. 1966) er Miljøpartiet Dei Grønes første kandidat i Hordaland. Tom Sverre er fylkesleiar i Hordaland, og har sidan hausten 2011 representert
MDG i fylkestinget i Hordaland. Han har erfaring frå to periodar i kommunestyret i Meland. Tom har hatt fleire leiarverv i miljørørsla og i kyrkja , han har publisert fleire bøker om miljø og teologi, og han har internasjonal erfaring frå Afrika. Tom Sverre er til dagleg sokneprest på Osterøy, og er i tillegg utdanna lærar og har doktorgrad i miljøetikk.

2. Natalia Golis
Natalia er 34 år og bur i passivhus i Øystese. Ho har mastergrad i arabiske språk og litteratur og skreiv masteroppgåve om FN og Hizbollah i Libanon. Ho arbeider som bygde- og næringsutviklar i Ulvik herad og er representant på fylkestinget i Hordaland for MDG.
Ho er oppteken av berekraftig utvikling i alle sektorar med særleg fokus på energibruk i bygningar og by- og tettstadsplanlegging.

3. Øyvind Strømmen
har mellom anna studert journalistikk og Midtausten-historie. Øyvind er frilansar og sjølvstendig næringsdrivande som i fleire år har arbeidd i ulike posisjonar for MDGs politikk. Han arbeider dessutan med kartlegging av ekstremistiske, antimuslimske bloggmiljø og har skrive fleire bøker om denne problematikken. For øvrig er han engasjert i Europabevegelsen, Naturvernforbundet og NFFO. Han er leiar for plan- og naturutval i Samnanger kommune.

4. Karina Reigstad
Ho er frilansskribent med mastergrad i internasjonalt diplomati, global energi- og klimapolitikk og arktiske relasjonar. Karina har kompetanse på klimatilpassing,
energitryggleik, framtidige energimarknader og er utanrikspolitisk rådgjevar for stortingsgruppa til MDG.