Nytt lokallag på Osterøy

På konstitusjonsmøte førre søndag vedtok dei som møtte å starta opp lokallag av Miljøpartiet Dei Grøne på Osterøy.

– «Osterøy er ei av dei finaste naturperlene rundt Bergen. Vi trur at ein aktiv avdeling av Miljøpartiet Dei Grøne vil kunne bidra til ei meir framtidsretta forvaltning av øya enn vi har sett så langt,» kommenterer nyvald leiar av lokallaget Johannes Gjerstad på etableringa av MDG på Osterøy.

På spørsmål om kva partiet vil prioritere svarar Gjerstad:

– Vi har nett starta arbeidet med å utforma programmet vårt. Tradisjonelt byggjer Miljøpartiet visjonen sin på dei tre M-ane: Miljø, Medmenneskelighet og Mangfald.

På det første møte drøfta vi at vi ville satse på ”levande grender”, ”framtidsretta og miljømessig utbygging”, ”gode kollektivtilbod”, samt ”vern om naturperlene”. Vi har enno ikkje teke stilling til om vi kjem til å stille eiga liste ved neste kommuneval, men engasjementet er stort, så ein kan ikkje sjå bort frå at det vil skje.

I tillegg til Johannes Gjerstad består det nye styret av Sigurd Revheim, Bente Røskeland, Tom Engelbrecht og Tom Sverre Tomren.

For spørsmål eller kommentarar: Ring Johannes Gjerstad på tlf. 91817214