Øyvind Strømmen vald som grøn fylkesleiar

På Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland sitt årsmøte laurdag 18. februar vart Øyvind Strømmen valt som ny fylkesleiar i partiet. – Eg gler meg til å ta fatt på eit viktig arbeid, seier Strømmen.

Strømmen, som er busett i Samnanger kommune og der sit i kommunestyret som representant for den lokale Bygdalista, er elles kjend for si journalistiske verksemd rundt høgreekstremisme. Han gav hausten 2011 ut boka «Det mørke nettet» som set terroråtaka 22. juli inn i ein ideologisk og historisk samanhang. – For meg heng grøn politikk også saman med kampen mot høgreekstremismen, seier Strømmen. – I fleire europeiske land er det nettopp dei grøne som har stått klårast opp imot rasistisk og framandfiendtleg tankegods, og som har heva mangfaldet si fane høgt. Det inneber samstundes at partia konfronterer islamistisk ekstremisme, som representerer det same einfaldet som høgreekstremismen, om enn i ei anna drakt. I høve arbeidet i Hordaland meiner Strømmen det er viktig for partiet å byggja vidare på suksessen frå valet i 2011, då partiet for fyrste gong kom inn i både bystyret i Bergen og i fylkestinget i Hordaland, representert ved høvesvis Sondre Båtstrand og Tom Sverre Tomren.

– Eit viktig område frametter er å etablera lokallag i fleire kommunar. Valresultatet syner at me er i ferd med å få fotfeste i både Bergen og andre byar landet over, men grøn politikk er eit godt alternativ også for folk som bur på bygda, seier Strømmen. – Det er mange kommunestyre som hadde hatt godt av å få inn grøne stemmer. Me arbeider pragmatisk for grøne samfunnsendringar, samstundes som me vågar å tenkja nye tankar der dei trengst.

Strømmen framhever særleg grøn næringspolitikk som noko som er sårt tiltrengt i Hordaland. – Me kunne ha vore ein verkeleg føregangsregion i høve grøn teknologi og kunne ha skapt nye og berekraftige arbeidsplassar. Diverre er mykje av næringspolitikken framleis prega av ei satsing på fossilenergi, fossilenergi og endå meir fossilenergi. Ein treng ikkje ei krystallkule for å meina at den satsinga er lite framtidsretta, seier Strømmen.

Andre styremedlemar:
2. Petter Espeland, Kasserar.
Frå Lindås, bur i Bergen. Aktiv i lokallaget der i fleire år. Kom inn i fylkesstyret som kasserar i 2011.

3. Øystein Bønes, skrivar.
Frå Bergen. Aktiv i lokallaget der i fleire år, er no ma med i bystyregruppa. Kom inn i fylkesstyret som leiar i 2011, har og fungert som regionleiar og dermed landsstyrerepresentant i 2011.

4. Linda Bukve, styremedlem.
Frå Voss. Har vore ein av nokre få aktive bak etableringa av lokallaget der. Ny i fylkesstyret.

5. Lisa Nøttseter, styremedlem.
Frå Os. Sit i lokallagsstyret der. Ny i fylkesstyret.

6. Arve Henningsen, styremedlem.
Frå Fjell. Ny i fylkesstyret.

7. Tom Sverre Tomren, styremedlem.
Frå Meland. Var med og etablerte lokallaget der, og kom i haust inn i kommunestyret. Han er også vår førstemann på fylkestinget. Kom med i fylkesstyret i 2011.

Varamedlemar:

1.    Steinar    Sneås    Skauge,    Lindås.    Lokallagsleiar .

2.    Anja Marken, Samnanger. Sit i lokallagsstyret og kommunestyregruppa.

3.    Ellen Hetleflåt, Os. Andreplass i fylkestingsgruppa.

4.    Mardoeke Boekraad, Bergen. Fjerdeplass i fylkestingsgruppa.

5.    Frode Strønen, Jondal. Femteplass i fylkestingsgruppa.

 

Kontakt:
Øyvind Strømmen, tlf. 410 08 595, e-post: oyvind.strommen@mdg.no