– På tide å snakka om det tredje alternativet

– Det er gledeleg at folkeleg press gav betre utgreiing av sjøkabelalternativet, seier Hanna E. Marcussen, talskvinne for Miljøpartiet Dei Grøne. Ho meiner likevel at eit tredje alternativ er å sakna i debatten. – Det er på tide å snakka om energieffektivisering.

Etter Dei Grøne sitt syn synleggjer rapportane som vart lagt fram for regjeringa tysdag at forsyningssituasjonen i Bergensområder er langt frå så kritisk som Statnett og regjeringa har hevda. I rapporten frå utval IV (Hervik-utvalet) går det fram at det «[d]ermed er relevant å diskutere alternative løsninger».

– Det vil då vera eit feilgrep å berre snakka om sjøkabelalternativet. Dette er eit kostbart alternativ som også vil innebera naturinngrep, påpeiker Marcussen. Ho meiner det trengst ei grundig vurdering av eit tredje alternativ.

– Me må spørja oss om me istadenfor å bruka pengar på luftline eller sjøkabel kan bruka pengar på energieffektiviseringstiltak i både industrien, hjå næringslivet og i private hushaldningar. Vert det gjort, kan både sjøkabel og luftline gjerast overflødig, seier Marcussen.

Ho får støtte frå fylkesleiaren i Dei Grøne i Hordaland, Øyvind Strømmen. – Dei utfordringane ein reknar med at vil veksa framover mot 2020 heng saman med auke i energiforbruket. Regjeringa sitt utgangspunkt er òg auke i energiforbruket. Regjeringa kan kalla seg raudgrøn alt ho vil, men dette er ikkje grøn politikk. Det er ein fallitterklæring, seier Strømmen, som sjølv er busett i Samnanger.

– Om ein skal vurdera luftline i det heile bør ein i lys av desse rapportane også ta seg tid til ei grundigare vurdering av andre trasear, som Samnanger-Sauda, seier Strømmen. – At arbeidet alt har starta opp på Kvamskogen er då beklageleg.