– Sats på skulehagar

I samband med den internasjonale kjøkenhagedagen i morgon 22. august har landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) oppmoda til heimedyrking av grønsaker.

– Kjøkenhagen er eit viktig bidrag både til matproduksjon og sunn livsstil, seier ministeren. – Ved å dyrka vår eigen mat på ein miljøriktig måte sikra me at det me får i oss er fritt for framandstoff og kjemikaliar, og me sparer miljøet. Og heimedyrka mat smaker ekstra godt, heldt han fram.

Fylkesleiar i Hordaland MDG synest utspelet frå Brekk er gledeleg. – Det er positivt at regjeringa set fokus på verdien av kjøkenhagane, seier Øyvind Strømmen, som sjølv er kjøkenhageentusiast. Han vonar regjeringa vil følgja opp med praktisk politikk for fleire skulehagar og fleire koloni- og parsellhagar.

– Før andre verdskrigen fanst det 1.200 skulehagar i landet. I dag har dei aller fleste kommunar ingen. Det gjeld også hordalandskommunane. Men skal folk dyrka sjølv er det viktig at dei får høve til å læra, og skulehagar kan lett integrerast med fleire fag i grunnskulen, som naturfag og mat og helse-fag. Å laga til ein ny grønsaksåker er dugande kroppsøving også, seier Strømmen.

Han viser også til at skulehagane ofte er svært populære der dei faktisk finst, og at dei også kan ha positiv effekt på skulearbeidet i andre fag. – Både regjeringa og kommunane bør følgja opp ministeren si fråsegn med ei satsing på skulehagar, meiner Strømmen.

Samstundes etterlyser han ei satsing på kolonihagar. – Bur ein i ei blokk på Landås har ein ikkje særleg god plass til å dyrka mat. I Danmark finst det 60.000 koloni- og parsellhagar. I Noreg er talet omlag 2.000, og det er til dels lange ventelister. Her burde myndigheitene setja i gang ein storinnsats.