– Sjøfuglvasking null effekt

Vasking av oljeskadd sjøfugl påverkar ikkje bestanden av dei vanlege sjøfluglane våre, seier Stein Byrkjeland i Fylkesmannen si miljøvernavdeling i Hordaland. Sondre Båtstrand, stortingskandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland meiner Byrkjeland overreagerar. Båtstrand meiner årsaka til at vaskinga av sjøfuglen etter Server-forliset ikkje oppnådde den ønska effekten, kan skuldast dårlege rutiner. – Og derfor klarte dei ikkje å redde fleire, seier Båtstrand.