SMÅKRAFT, NYTT MILJØSKADELIG SUBSIDIESLUK ?

Å leggje elvar og bekkar i røyr har ikkje større samfunnsperspektiv i Senterpartiet enn å vere ei attåtnæring for bøndene. For dei er straum produkt frå garden som mjølk og tomter. Då er vekst og forbruk berre bra, som ei kvar anna vare frå eigedomen det er marknad for. Eller vert laga ein marknad for. Slik vert det betre med auka straumforbruk i staden for ENØK. Sløsing betre enn sparing. Naturrasering betre enn teknologi.

Innlegget under ble publisert i Hordaland Folkeblad 1. november

E g har teke vare på vallovnadene til Senterpartiet i Jondal. Dei vil ”nytta natur-ressursane gjennom til dømes turisme/reiseliv, hyttebyggjing og småkraftutbyggjing for å sikra framtidig næringsgrunnlag på gardsbruka.” Programmet er sikkert representativt for Senterpartiet heilt opp til Olje- og energiminister Ola Borten Moe.

Å leggje elvar og bekkar i røyr har ikkje større samfunnsperspektiv i partiet enn å vere ei attåtnæring for bøndene. For dei er straum produkt frå garden som mjølk og tomter. Då er vekst og forbruk berre bra, som ei kvar anna vare frå eigedomen det er marknad for. Eller vert laga ein marknad for. Slik vert det betre med auka straumforbruk i staden for ENØK. Sløsing betre enn sparing. Naturrasering betre enn teknologi.

Senterpartipolitikk er lønsam (på kort sikt) for grunneigarane, kommunane som tek inn skatt og aksjeutbyte og verksemdene som syter for utbyggingane. For alle oss andre er det tap, både økonomisk og økologisk.

I staden for å sjå på straum som mjølk og tomter, er det meir samfunnsnyttig å sjå energi som ein innsatsfaktor i økonomien. Viss meir straum er naudsynt for sunn økonomisk endring, er det eit gode som vil gje inntekt og velferd. Viss meir straum gjev det økonomar kallar uøkonomisk vekst, er det eit vonde som gjev tap på alle vis.

Ein økonomi (familie, verksemd, land, region, verda) er summen av faktorane natur, energi, kapital, teknologi og arbeidskraft (Sjølv om energi er omdanna natur, vel eg her å gjere det til ein eigen kategori då energibruk har innverknad på natur i form at klimaendring og tap av artsmangfald og matjord som dei viktigaste faktorane). For at ein økonomi skal eksistere over tid må han vere økologisk berekraftig; ikkje øydeleggje seg sjølv ved å øydeleggje innsatsfaktoren natur. Dette er faktoren som vantar i standard økonomisk og politisk tenking. Og som gjer at samfunnet no opplever stagnasjon og destruksjon fordi natur blir belasta meir en det som er økologisk berekraftig; innsatsfaktoren natur minkar.

Politisk arbeide for sunn økonomisk endring er då å tilpassa økonomien til dei økologiske rammevilkåra for å oppretthalda mest mogeleg velferd, ikkje forelda ”vekst” for å auke pengemengda til meir materielt forbruk, men som vil ende opp med det motsette.

I det perspektivet må me ta inn globale tilhøve; mange må auke sitt forbruk for å leve verdige liv. Det tyder at me i vår region som bruker mange gonger det jorda som økologisk system kan levere, må redusere forbruk slik at me møter dei fattige ein stad i nærleiken av felles akseptabel materielt forbruk. Alternativet er mykje verre; uår, migrasjon, konflikt og i verste fall krig.

Slik framtida ser ut, er det sannsynleg at trongen for straum i det potensielle forsyningsområdet til Noreg vil minke i staden for auke. Kor smarte me er som samfunn vil avgjere kor mykje velferd me vil oppretthalda med mindre innsatsfaktorar. Og då er me attende i Jondal.

Senterpartiet føreset at etterspurnaden av straum vil auke. For å skape etterspurnad har Noreg og Sverige innført dei sokalla Grøne sertifikata. Men ”Grøne sertifikat” er ikkje grønare enn grønfargen på Senterpartiet. Med andre ord ein illusjon. Det er sertifikat på at energiverka har kjøpt straumen frå grunneigarane til overpris, garantert 15 øre kilowatt/time, som i realiteten er ei subsidiering av grunneigarane ettersom dei ikkje kan byggje ut lønsamt basert på marknadspris. Subsidieringa vert til slutt betalt av forbrukarane. I tillegg kjem auka nettleige sidan leidningsnettet må byggjast ut for å frakta straumen frå alle småkraftverka.

Alternativet er ENØK. Grovt rekna (BKK) får forbrukarane tre gonger så mykje straum for same pris som for den nye straumen frå Jondal. Sagt med andre ord; hadde staten subsidiert teknologi like mykje som grunneigarane, hadde energiutbytet tredobla seg utan å øydelegge meir natur. Og straumrekninga di tilsvarande mindre. Ei LED-spotlyspære bruker 5% av straumen samanlikna med den gamle glødepæra som EU har forbode. Ein kvar butikk er eit lyshav. Ei nyleg undersøking konkluderte med at Bergen kan spare 29% av straumforbruket til faste installasjonar! Og slik er det i heile det akterutsegla Noreg. Me likar å tru at fornufta rår i politikken. Men i energisektoren er det makta som rår; alliansen av alle dei som har kortsiktig eigennytte av nye kraftverk og sløsing.

All ny straum frigjort i Noreg same om det er frå nye kraftverk eller ENØK vil bli eksportert. Regjeringa spekulerer vilt i at resten av nord-Europa (mogelege kjøparar av norsk straum) skal halda fram med å ikkje vere økologisk berekraftig. Mykje talar for at det er ein feilvurdering. EU har dei seinare åra vore mykje meir miljø-progressiv enn dei raud-grøne sinkane, og grøne parti står mykje sterkare i EU-landa og driv prosessane i rett lei. EU har stor trong for å byte ut atomkraft og fossilkraft med fornybarstraum. Det er ein dugnad det er rett å vere med på. Gjeve at forbruket er tilpassa eit fornuftig økologisk nivå. Men mellom anna i Teknisk Ukeblad vart det vist til at det teknologiske straumsparingspotensialet i EU er so stort at Noreg kjem til å brenne inne med straumen sin. Innafor rammevilkåra politikarane set, vil marknaden alltid fyrst velje det billegaste. Det er ENØK. Og straumen frå småelver, bekkar og vindmøller er den dyraste. Konklusjonen i TU var at subsidieringa av dei grøne sertifikata må mangedopplast om ikkje grunneigarane skal tapa pengar på småkraftverka. Det er ein dyr pris å betale for ei vare som unyttes vert påtvinga oss. Naturen, den verkelege kapitalen til Hardanger, byrjar bli so forringa av politikken som vert driven fram av dei kortsiktige eigeninteressene at grunneigarane kan bli ganske åleine her inne med tid og stunder. Om dei ikkje har flytta allereie.

Frode Strønen Miljøpartiet Dei Grøne