STATENS POKERPENGAR TIL REDNINGSSELSKAPET

”Regjeringen kutter i alt 225 millioner til frivillighet og kultur gjennom Norsk Tipping.”, meldar NTB. Redningsselskapet må kutte 8,5 million og sender to redningskøyter i opplag. Grunnen skal vere at mange spelarar går frå Norsk Tipping til utanlandske spelselskap på internett. Noreg er vel det einaste kyststaten i verda som har ei tombola-redningsteneste. Mykje speling-mange liv spara, lite speling-mange drukna, sett på spissen.Regjeringa bryr seg ikkje for mykje om kyst-Noreg. Det er langt frå Oslo, dei veit knapt kor redningsselskapet ferdast bortsett frå i konvoifart mellom Østfold og Vestfold på Reiseradioen midtsumars. Regjeringa vil ikkje kompensera over statsbudsjettet for tapte spelepengar. Kvifor ikkje det? Pengane er jo ikkje tapte. Gjennom oljefondet er staten medeigar i dei fleste nettpoker-tilbydarane og andre internasjonale spelselskap som lokkar spelestakkarane frå hus og heim, gard og grunn og Norsk Tipping. Den eines død er statens brød, Sigbjørn Johnsen sopar inn pengar på ofra sine. So lenge galenskapen får rå, kvifor ikkje gje desse pengane til redningsselskapet og dei andre frivillige i staden for å sylta dei ned i enno meir vondskap i oljefondet?

Frode Strønen Miljøpartiet dei grøne