Tid for grønn politikk

– Ei akseptabel klimautvikling krev forbruksnedgang i rike land som Noreg for å gi rom for nødvendig vekst for fattige befolkningsgrupper. Dersom andre land og selskap held fram med oljeproduksjon «til siste dråpe» slik Noreg er i ferd med å gjera, blir, som IEA har peika på, klimakatastrofen eit sikkert resultat, skriver  Tom Sverre Tomren, Fyrstekandidat til Stortingsvalet for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland og Gunnar Kvåle, Miljøpartiet Dei Grøne, Os

Innlegget sto på trykk i Dagen, 19.12.12

Me lever over evne i store deler av verda. Det internasjonale energibyrået, IEA, har nettopp slått fast at vår fossilbaserte vekst må avviklast. Over to tredjedelar av dei fossile ressursane på jorda kan ikkje utvinnast og brukast om verda skal unngå svært alvorlig klimaendringar.

Dette vil krevja ei omstilling mot redusert forbruk, særlig i rike land som Noreg. Internasjonalt er me på toppen av velstandsstigen. Reallønnen aukar mest for de rikaste mellom oss. Dei høgast lønte i privat sektor har sidan år 2000 hatt ein månadleg lønsvekst på 30 500 kroner, svarande til 67 prosent på ti år. De lågast lønte i privat sektor har i same periode ein lønnsvekst på 5 300 kr i månaden. Skilnadane mellom fattig og rik aukar også internasjonalt, både mellom og innan land.

Denne skeive utviklinga mot aukande rikdom for dei få, parallelt med eit fattigdomsproblem, også i Noreg, har fått utvikla seg under skiftande regjeringar. Ingen av de politiske partia som i dag er representerte på Stortinget har evna å endre dette. Alle støttar ein politikk for oljebasert materiell vekst.

Norske styresmakter har lagt seg til en retorikk om at norsk oljeproduksjon er naudsynt, både for auka velstandsvekst i Noreg og for å lyfta fattige land ut av fattigdom. I boka «Klimaparadokset» gjev Jens Stoltenberg utrykk for en slik «ja takk, begge deler»
politikk som han med sin klimakunnskap burde vita ikkje er muleg.

Ei akseptabel klimautvikling krev forbruksnedgang i rike land som Noreg for å gi rom for nødvendig vekst for fattige befolkningsgrupper. Dersom andre land og selskap held fram med oljeproduksjon «til siste dråpe» slik Noreg er i ferd med å gjera, blir, som IEA har peika på, klimakatastrofen eit sikkert resultat. Skadane vil då fyrst og kraftigast råka fattige grupper
som historisk har minst ansvar for den alvorlige klimautviklinga.

Meiningsmålingar viser at nesten 30 prosent av folk i Noreg meiner at økonomisk vekst skadar miljøet og nesten 40 prosent er villige til å godta ein reduksjon i levestandard for å verna miljøet. Likevel har oppmodingar om redusert forbruk frå naturvernorganisasjonar, Den norske kyrkja og organisasjonar som Framtiden i våre hender hatt liten verknad.

Særleg reisemønster viser ei uheldig utvikling. Talet personkilometer reist med fly er firedobla sidan 1990. Fem millionar nordmenn reiser like mykje med fly som 40 millionar europearar. Klimaeffekten av utslepp frå nordmenn sine flyreiser no er like stor som utsleppa frå heile den norske bilparken.

Det er sterke krefter som fremjar ei slik utvikling. Ikkje minst gjer reiselivs- og reklamebransjen sitt beste for å overbevisa oss om at me må unna oss eit større forbruk og lengre feriereiser. Arbeidsgjevarane våre, enten dei er statlege eller private, gjer det heller
ikkje lettare for folk som ynskjer å vera miljøvennlege når styremøte og personalsamlingar stadig oftare blir lagt til sydlige breiddegrader.

Det må skapast en motkultur mot slike haldningar og råmevilkår som stimulerer til miljøvennlige val. Produksjon og forbruk av fossile brennstoff må trappes ned, både i Noreg og internasjonalt. Noreg, som eit svært rikt oljeproduserande land, har et spesielt ansvar for å gå føre med ein slik politikk.

På lengre sikt vil me ha store fordeler av ein kontrollert avvikling av oljeverksemda. I staden for store investeringar med tanke på oljeutvinning i nord må det satsast atskilleg sterkare på fornybar energi, med oppbygning av bærekraftige arbeidsplassar, spesielt innan fiskerisektoren. Meiningsmålingar viser at mange ynskjer ei slik omstilling og tyder på at det er trong for eit radikalt grønt alternativ i norsk politikk.