Urovekkande CO2-prosess

Lokale Ap-folk gler seg over at regjeringa stiller opp med dei milliardane som trengst. Miljøpartiet De Grønne krev stopp i alle planar om nye gasskraftverk grunna kreftfaren. Dei fleste reknar med at kraftmangel kan føra til at også BKK får lov til å byggja eit gasskraftverk på Mongstad. CO2-reinsinga kan kosta 25 milliardar og kjem truleg tidlegast i gang i 2018, er dei siste signala frå StatoilHydro.

Då er det kanskje nødvendig med ein kort tenkepause og ein ny gjennomgang av framdriftsplanen.