Presentasjon av toppkandidatane

oktober 28, 2016

1. Arild Hermstad - 1966, Oslo

Arild Hermstad er leiar på 15. året i den største miljøorganisasjonen i Noreg, Framtida i våre hender. Hermstad er den som i høgast grad har sett overforbruk på agendaen i Noreg. Han opptrer klokt, tydeleg og med ein varme som når mange menneske. Dei siste åra har han forma Framtida i våre hender til ein organisasjon som både kan halde på det høge medlemstalet, og presse fram nasjonal politikk, mellom anna for meir etisk handel. Hermstad er utdanna økonom og samfunnsgeograf og har tidlegare jobba i bank og for Raftostiftinga. Han har framifrå leiarevner, profesjonalitet og erfaring med media, og er ein svært god listetopp.

2. Natalie Golis - 1980, Kvam

Natalie Antonia Golis er nærings- og utviklingsansvarleg i Ulvik herad, og har budd i Kvam dei siste 10 åra. Ho har mastergrad i Arabisk språk og kultur frå Universitet i Bergen, med feltarbeid frå Libanon og Jemen. Golis har sidan overgangen frå Rødt i 2013, blitt attvald til fylkestinget, blitt landsstyremedlem og er i dag også fylkesleiar i Hordaland MDG. Ho nyt stor respekt i desse rollane. Golis har særs god forståing for politiske prosessar og har mykje kunnskap om utfordringane i fylket vårt.  Ho er særleg oppteken av næringsutvikling og kva livsgrunnlag me gir vidare til kommande generasjonar.

3. Knut I. Børgesen - 1962, Os

Knut I. Børgesen har nær 30 års leiarerfaring frå næringslivet, dei siste 17 åra som dagleg leiar av Vinhuset AS med om lag 50 tilsette.  Han er nestleiar i fylkesstyret og har ofte møtt i landsstyret i MDG. Børgesen viser stor kapasitet, er svært grundig og har ein inderleg måte å vere på. I tillegg til å leie ei stor verksemd, har han stått i bresjen for folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden, der med anna 600 menneske vart samla i fakkeltog mot bruplanane.  Han er oppteken av det medmenneskelege og toleranse, i tillegg til å vere ein god strateg og organisator.

4. Øyunn Stokkeland Kåset - 1999, Grøn Ungdom/Bergen

Øyunn Stokkeland Kåset er ein pliktoppfyllande og enormt engasjert politikar til tross for alderen. Sidan ho tok over som talsperson i Grøn ungdom Hordaland tidleg i 2016, har ho teke initiativ til ei stor mengd aktivitetar, så mykje at Hordaland no er mellom dei laga i Grøn ungdom med størst aktivitet. Ho er lett å samarbeide med, har god erfaring med media etter å ha fått ei lang rekkje lesarinnlegg publisert i Bergens Tidende og andre aviser. Kåset er levande oppteken av skule og miljø, og ynskjer at desse to saksområda skal gå hand i hand. På kort tid har ho utvikla gode leiareigenskapar og eit brennande miljøengasjement. Ho har stort potensiale framover.