Svar frå fylkesordføraren på spørsmål om el – sykkelstrategi og trafikkutvikling

mars 16, 2016

Tom Sverre Tomren (MDG) hadde sendt inn slikt spørsmål (2) til fylkesordføraren til fylkestinget 9. mars 2016:

«Trafikktall 2015 og elsykkel-strategi

I løpet av dette fylkestinget skal vi blant annet drøfte strakstiltak mot luftforurensingen i Bergen. Dette er en viktig sak, men slike viktig som strakstiltak er den langsiktige utviklingen i trafikktall og den langsiktige løsningen på problemet. I denne forbindelse har jeg og MDG følgende spørsmål til fylkesordføreren:

1. Hvordan har utviklingen i biltrafikken i Bergen vært de siste årene – inklusiv 2015?

2. Hvordan har utviklingen i antall syklende i Bergensområdet vært de siste årene – inklusiv 2015?

3. I hvilken grad har fylkeskommunen analysert og utviklet en strategi for el-sykkel sitt potensiale i arbeid med klima og luftforurensing i Bergen og Hordaland?

 

Fylkesordføraren svarte slik:

«Trafikken i bomringen i Bergen

Biltrafikken i bomringen har i perioden 2010-2014 auka med 1,6%. Trafikken i 2015 er 0,35% høgare enn i 2014, men likevel lågare enn i 2013, 2012 og 2011. Tungtrafikken utgjer ein like stor andel i 2015 som i 2014 med 8,3% av passeringane.

Ei forklaring på trafikkveksten frå 2014 til 2015, er auka bruk av elbil. Tal frå BT Signaal AS og Bergen Bompengeselskap AS, syner at veksten i elbilpasseringar er langt større enn trafikkveksten generelt. I 2014 var talet på elbilpasseringar i bomringen omlag 1,57 mill. dvs. omlag 3% av totalpasseringane. I 2015 vart talet på 3,13 mill. dvs. omlag 6% av passeringane i bomringen.

Trafikken ved utgangen av februar 2016 er 4,9% lågare enn for same periode i 2015, noko som i stor grad skuldast datokøyring i januar og innføring av tidsdifferensierte satsar i februar. Trafikktala i bomstasjonane etter innføringa av tidsdifferensierte takstar, syner ei tydeleg omfordeling av trafikk til periodane med låg takst i morgon- og ettermiddagsrushet, og ein ser ei reduksjon i trafikkmengda totalt sett over døgnet som er sterkare enn kva som var føresett.

Utviklinga i talet på syklande i Bergensområdet

Den siste reisevaneundersøkinga frå 2013 viser ein nedgang i andelen syklande i Bergensområdet på 0,5 % samanlikna med 2008, dvs. 2,8 % syklande i dag. Tilsvarande tal for Bergen kommune er noko høgare. Her er var andelen syklande 3,4 %, og det var ein nedgang på 0,4 samanlikna med 2008.

Elsykkelstrategi

Fylkeskommunen har ikkje utvikla ei eiga strategi kun for el-sykkel, men tiltak for å fremje bruk av elsykkel inngår i arbeidet med «Sykkelbyen Bergen», oppfølging av Klimaplan for Hordaland og gjennomføring av den Europeiske Mobilitetsveka i Bergen. I samarbeid med Naturvernforbundet sitt «Prøvekjør el-sykkel»- prosjekt vert publikum og bedrifter tilbode test av el-sykkel ved ulike arrangement. Som ein oppfølging av klimaplanen innanfor eiga verksemd er det sett av midlar til utprøving av el-syklar. Tiltaket er relevant for skular og tannklinikkar, t.d. for lærarar som følgjer opp elevar i praksis i nærmiljøet, og tannpleiarar som vitjar institusjonar for eldre. Årstad tannklinikk kjøpte 2 el-syklar i 2015 til slikt føremål. Fyllingsdalen vgs har ei gruppe elevar innan tilrettelagt undervisning/bil- og sykkelservice som vil satse særskilt på vedlikehald og service av el-syklar i tillegg til vanlege syklar. Ved planlegging av nye sykkelparkeringstilhøve ved skulane har ein også tenkt på lademuligheiter for el-sykkel. Grunnlagsdokumentet for Nasjonal Transportplan som vart lagt fram 29. februar har stort fokus på å legge til rette for auka sykkelbruk. Her er det mellom anna foreslått å vurdere momsfritak for el-syklar.»